STRIKKEOPPSKRIFTER & GARNPAKKAR RETT FRÅ VOSS -40% RABATT PÅ ULVIK ROSE GENSER OG JAKKE
Vossa Design - Moderne Tradisjon
Velkommen til vossadesign
Bli inspirert av strikkemønster henta frå gamle åkle og løparar frå Voss og Ulvik.
Her finn du garnpakkar og enkeltoppskrifter – alt du treng til ditt neste strikkeprosjekt.
Kos deg med strikkinga! Merkevare under Norwegian Made – laga i Noreg.
Vossa Design er Merkevarekvalifisert Norsk Produsent
Når du kjøper eit produkt merka med Norwegian Made, får du eit produkt som er produsert i Noreg, noko som innebærar bærekraftig, grønn og etisk produksjon. Du kjøper ting som er laga for å vare, laga av mennesker som har lagt flid, tålmodigheit og yrkesstoltheit lagt ned i arbeidet
Strikk Med Røter frå Voss
Vossa Design AS bevarer og fornyar den immaterielle kulturarven frå Voss. Med inspirasjon frå tradisjonelle åkler og vev skapar me moderne strikkedesign som bærer med seg historie, handverk og identitet.
Gjennom fargar, mønster og materialval fører me tradisjonar vidare – frå generasjon til generasjon.
Grunnlaget blir lagt
Vossa Design blir etablert med eit mål om å vidareføre vossatradisjonar gjennom strikkedesign inspirert av lokale åkler og vev.
Tradisjon møter mote
Gamle mønster og teknikkar blir tolka på nytt og danna grunnlaget for moderne, berekraftige strikkeplagg med lokal forankring.
Kulturarv i utvikling
Gjennom samarbeid, produktutvikling og kolleksjonar held Vossa Design fram med å løfte fram handverkstradisjonar og gje dei ny relevans.
Materialar & Teknikk
Ein viktig del av arbeidet til Vossa Design er valet av materiale. Dei brukar naturlege fiber som ull, som har ei lang tradisjon i norsk tekstilhandverk. Ull er kjend for sine varmeisolerande eigenskapar, pusteevne og haldbarheit, noko som gjer det ideelt til klede og tilbehøyr i eit nordisk klima.
Vossa Design legg òg stor vekt på berekraft, og sørgjer for at materiala dei brukar er miljøvennlege og etisk produserte.
Designprosessen
Designprosessen hjå Vossa Design startar med grundig research. Designteamet studerer gamle åkler og vev frå Voss, og let seg inspirere av mønstera, fargane og teknikkane som er brukte.
Deretter utviklar dei moderne strikkemønster som speglar denne arven, men som òg har appell til dagens moteinteresserte kundar.